Havets skattekiste

På Frøya lagar me middag kvar fredag. Det er 6 ungar og ein vaksen som lagar middag til resten av gruppa. Denne gongen følte me oss som om me var i cateringbransjen. Me satte sammen “skattekister” til kvar og ein, og fisk er vinn eller forsvinn for mange barn. Me følte me vann. Det dufta heilt herleg når me åpna pakkene, og me øva oss på å kjenne igjen smaken på dei mange grønsakene. Det blei ein litt lettvint variant på grønsakene denne gongen pga litt knapp tid, men smaken var god uansett. Ungane føler alle på ein stolthet over å ha laga mat til dei andre. Det er veldig stas å få vere kokkar!

Ivrige hender som er klare for arbeid :-)
Her må det telles og deles likt.
Snart klare for ovnen.
Laks, torsk og herlege grønsaker, og ei fantastisk god lukt av middag!